Fredag legg Brødrene Aursnes AS ut fire moderne tomannsbustadar for sal på Jarnes i Sykkylven, med idyllisk fjordutsikt og nærleik til attraktive fasilitetar. Dette er første gong at slike bustadar blir oppført i dette området.
PRESSEMELDING 14.06.2023
– For mange kan dette vere ein etterlengta sjanse til å oppfylle draumen om bustad. I nærområdet er det stort sett einebustadar og leilegheiter, men dette passar ikke for alle. Det er ikkje bygd tomannsbustadar her tidlegare, og no er det på tide å dekke dette behovet, seier Petter Andre Aursnes, dagleg leiar i Brødrene Aursnes AS.
Prosjektet «Legane på Jarnes» består av fire tomannsbustadar på cirka 70m2 i kvar bueining, fordelt på to plan. Bustadane blir i utgangspunktet levert klare for eigeninnsats som måling og golvlegging, men kan også overtakast nøkkelferdige. Dei passar for alle, men er særleg aktuelle for nyetablerte førstegongskjøparar og einslege.
– Tomtene har svært idyllisk plassering. Frå den opne stue- og kjøkkenløysinga i andre etasje er det utgang til terrasse med utsikt over fjord og fjell. Det blir gangavstand til J.E. Ekornes AS, nærbutikk, friluftsbad, restaurant, båthamn, turløyper, skule og barnehage, fortel dagleg leiar.
Salet blir utført av Lars Hellevik i Aursnes & Partners Eiendomsmegling AS. Kjøparar som inngår kontrakt på eit tidleg tidspunkt får moglegheit til å gjere personlege val i forhold til kjøkken, garderobeskap, baderomsinnreiing, måling, parkett og fliser. Tomannsbustadane skal vere innflytningsklare om lag åtte månadar etter byggestart.
Tilsvarande bustadar er brukt i salssuksessen i Speidarvegen i Sykkylven, kor det per i dag er selt heile 14 einingar. Samme oppskrift blir no brukt på Jarnes.
– Tilbakemeldingane frå kundane er svært positive. Særleg trekk dei fram utsikta og den sentrale plasseringa, noko også Legane på Jarnes kan by på, avsluttar Aursnes.
For meir informasjon kontakt Petter Andre Aursnes, dagleg leiar i Brødrene Aursnes AS, på telefon 91806918 eller besøk nettsida Aursnes.no